Jotunheimen Rundt 2010!

Fredag 9. juli la eg Viperaen bak i V40-en og tog turen te Lærdal for å sykla Jotunheimen rundt. Galskap seie nogen mens reklamen seie "Mare-rittet", "For dei tøffaste ... av dei tøffe ;-). He sponne en del det sista året pluss våre med på de fleste ritta her i området i år så æg tenkte det konne væra godt å lofta seg litt. Sykla dette rittet i 2004 men huska lite og ingenting frå den gong, å dæ va nok best.

Parkerte i Lærdal sentrum kl. 19 og rigga meg te for det store klatrerittet der 430 km med 4609 m stigning skal forserast. Overskya men opphald og god temperatur dvs kort bukse, kort skjorte + jakke. Traff faktisk en aen rytter i BCK-drakta som eg prata litt med før start. Han(Kjetil Larsen)  hadde visst delteke 16 gonger før på dette rittet. Galning, tenkte eg då. Starta med friskt mot kl. 21 og tempoet i starten va nok litt vel høgt men pytt pytt tenkte eg då. Det straffa seg når Fillefjell på 1013 m skulle forserast. Veien te fysste matstasjon på Øye skule vart hard og laaaang med vonde bein og rygg. Tenkte mang ein gong på å bryta men då eg endeleg itte ha sykla 81 km kom fram te Øye skule og fekk mat+kaffi i skråtten så kom jammen kreftene tebage og vond rygg+bein var brått borte, nesten iallefall.

Så var det 64 km te neste matstasjon på Fagernes. Då va det beine veien i ei goe gruppe der eg haldt meg bak i halen og nøt synet av adle di forskjellige baglyktene. Litt utrygt med mørke, blaute veier der vogntog passerte oss fleire gonger, men Fagernes kom ganske raskt, å så va det 38 km oppøve te Beitostølen matstasjon og vidare øve Valdresflya te Lemonsjøen(252 km). Øve Valdresflya kom sjølsagt regnet og me faug bortøve vegen pga meget god medvind. Måtte faktisk bremsa ner litt av og te. Æ nok litt pysen når det gjelde fartsetappar. Etter Lemonsjøen var det Loen neste. Herlig å sykla inn på Lom matstasjon (293 km) kl. 8 om morgonen og eda litt gryterett+cola. Så e det marerittet starte dvs ca 40 km opp te Sognefjellet(1434 moh). På den strekningen e der et par veeeldig laaange bakkar der snittfart på ca 10 km/t æ mær enn nok. Heldigvis va det sol nå, men og motvind desverre. Opp bakkane va det godt å ha Torunn sine spinningtima i baghåve "Kom an, litt te nå, ikkje gje opp, gje på...", takk Torunn..., for dæ va knallhardt mildt sagt. Men ja, æg kom meg opp te turisthyttå på Sognefjell ca 11:30 uden å ha våre av sykkelen.  Måtte stå i ro litt før eg gjekk heilt av sykkelen for å roa kroppen. Va rett og slett litt skjelven. Då registrerte eg ein kvinneleg rytter på siå som tok imot maen sin med følgjande ord. "Hei elskling, der va du ja...". Møje energi i den damå ja... Itte å ha ede mange goe lappa+cola å kaffi så va det vidare øve Sognefjellet i motvind te Luster(385 km). Sykla stort sett åleina, å mila ner Sognefjellet med 10% bakke gjekk ganske fort men møje bremsing. Va nok rett før blårøyk frå bremsene i slutten men det gjekk bra det og. Måtte innom Luster matstasjon å få litt cola før eg starta på siste etappe te Sogndal på 45 km. Den va knallharde for då va fødene mine veeeldig trøtte. Siste bakken før Sogndal som var på 7 km fekk eg endelig følge med ein kjekk kar som og drog meg inn den dei siste km te mål. Å trilla over målstreken etter ca 18 timars sykkeltur var bare herligt. Hadde du spørt om å kjøpa sykkelen min når eg var i mål  så kunne du nok fått den ganske billeg, kanskje til og med gratis for der og da var eg drittlei sykling. Men når timane etter målpasseringa  går så kjem faktisk syklelysten tebage igjen, tru det eller ei. God grillmad og cola i målområdet smakte fortreffeleg. Så var det buss te Lærdal kl. 17, mat på hotellet+ei god natts søvn. Sovna faktisk ganske fort den kvelden. Dagen etter var det herlig med frokost før bilturen heimatt på ca 8 timar. Sykler eg dette rittet ein gong til?.... hmmmm ... skeptisk. Tross alt, ja det va veldig kjekt å ha gjennomført det for 2. gong.

Nils Magne Håland BCK