RMBK - Resultatliste Braathens-stafetten
Denne har me jammen venta på ... resultatlista frå Braathensstafetten!
Me ventar jo alle i spenning på resultatlistene sjølv om me har aldri så
god peiling på korleis det gjekk i rittet. Og nok ein gong så arrangerte
B-gjengen eit flott ritt (med flott vêr også i år ... korleis får dei
det til???)
Også i år var det godt oppmøte (omtrent som i fjor og året før) med 15
lag på startstreken. Nytt i år var at me hadde eit reint jentelag. Og
dei viste at jentene treng ikkje vera redde for å stilla eigne lag på
stafetten. Dei var slett ikkje sist, og var berre sekund frå å klatra
langt oppover på den totale resultatlista.
Med eit så kjekt ritt så ser me allereie fram til neste års stafett, der
eg reknar med at det stiller opp mange fleire lag både i herre- og
dameklassen.
mvh
Eirik Kårstad
RMBK sykleutval
RMBK - Braathens-stafett, tysdag 30. august kl 1830
VIKTIG VIKTIG VIKTIG VIKTIG VIKTIG VIKTIG VIKTIG VIKTIG
Dette MÅ du lesa.
Kvifor????
Jau fordi det er påminning til Brathensstafetten vel. Eit av dei
artigaste landevegsritta me har det jo.
Tysdag 30. august arrangerer altså B-gjengen (dei heiter vel SAS
B-gjengen no) nok ein gong stafett på Ølberg (sjå det nye løypekartet
vårt :-) Startavgift er som vanleg kr 80.-
For dei som ikkje kjenner til detaljane for stafetten så les nøye her.
Stafetten består altså av 3 etappar, der kvar etappe består av 2 rundar
i løypa, á 2,8km (dvs. 5,6km sykling pr deltakar).
Sidan dette er eit bedriftsritt så ønskjer eg sjølvsagt at dersom du
kjenner nokon frå di eiga bedrift som kan tenkja seg å vera med, ja då
prøver alle som kan å stilla med eit reint bedriftslag (eg må altså
finna 2 andre her ved universitetet). No har det seg jo slik at alle
bedrifter klarer ikkje å stilla med reine bedriftslag, og då er løysinga
at du stiller lag saman med kameratar eller sykkelkollegaer. Og kjem du ikkje på kven du skal spørja, ja då møter du berre opp og
melder deg på, så dannar me nokre mikslag før start. Det vil altså seia
at ALLE som har lyst til å vera med får eit lag dei kan vera med på.
I år håpar eg også at me klarer å stilla med nokre reine jentelag. Då
vert det jo litt meir spennande for jentene når dei kan konkurrera i
eigen jenteklasse (som sjølvsagt får eiga resultatliste). MEN det betyr
også at dei jentene frå Ålgård, Bryne og Hafrsfjord som har sagt at dei
truleg kan stilla med lag, faktisk gjer den vesle jobben med å avtala
med sine sykkelveninner at dei stiller lag!!!!
DERFOR, ver så snille alle menn og kvinner der ute ... mas litt ekstra
på alle du kjenner slik at me kanskje kan få minst 3-4 jentelag. Då vert
det skikkeleg spennande i den klassen også.
Likevel, felles for både dameklassen og herreklassen er at eg vil ikkje
ha storstilt profilering av sykleklubbar på bedriftsritta. Alle kan
sjølvsagt stilla med dei flotte klubbdraktene sine, men du SKAL
representera di bedrift når du melder deg på, og namnet på laget skal
ikkje vera Flade Pedal 1, Bryne CK 1, eller Sandnes SK 1 o.l. Me ser jo
at de er aktive i ein klubb om de nyttar klubbdraktene, så derfor synes
eg at det er ikkje for mykje å krejva at de brukar fantasien og finn på
gode namn på laga. Kanskje "Bryne-ekspressen", "Pedalgutta", "Hafrsfjord
Dream Team" eller kanskje "Hafrsfjord Dream Queens" (denne siste truuur
eg nok passar best på eit jentelag :-)
Dei som veit kven dei stiller på lag saman med kan gjerne senda inn
laginfo til meg så går påmeldinga litt kjappare. Det du gjer då er å
senda meg følgjande info:
Namn på lag
Namn (deltakar 1), Fødselår (deltakar 1), Bedrift (deltakar 1) Namn (deltakar 2), Fødselsår (deltakar 2), Bedrift (deltakar 2) Namn (deltakar 3), Fødselsår (deltakar 3), Bedrift (deltakar 3)
Har du elles spørsmål om noko vedr. stafetten så ikkje nøl med å ta
kontakt, for me er veldig interesserte i at nettopp DU vert med på å
gjera stafetten til nok ein suksess og eit kjempekjekt arrangement.
mvh Eirik Kårstad
RMBK sykleutval
tlf 4743 475
RMBK - Resultatliste Gilderunden 2005
Så var den her endeleg då ... resultatlista frå Gilderunden 2005. Og
jammen har eg fått mange utålmodige spørsmål om når lista er klar. Og
det er jo ikkje rart heller då, når det var heile 212 spreke folk på
startstreken, og det på ein tysdagskveld!
Og ikkje berre var det mange med ... det var frykteleg mange med svært
gode tider. Så det viser at sykkelsporten framleis er i stor oppsving.
Men forutan å takka alle dei kjekke deltakarane, så må me jo takka
arrangøren for eit flott ritt. Tidtaking og registrering var betre enn
før, og jammen hadde dei nok mat til alle også. Det er ingen tvil om at
dette er eit ritt som mange ser fram til om sommaren.
I år som i fjor ordna eg med politifølgjebil inn til Høle, og det trur
eg me må ha som ein tradisjon. Etter det eg såg så gjekk det heilt
knirkefritt kvar einaste stad me møtte bilar .. dei svinga fint ut i
sida og venta der. Det var jamvel mange som vinka og heia då me for
forbi. Ei punktering med påfølgjande velt og kaos vart det rett nok, men
det er tross alt ikkje meir enn kva ein kan rekna med i eit så stort felt.
Me har også vore så heldige at me har fått ein del bilete som vart
knipsa øverst i seldalsbakken. Derfor bør du gå inn på sida
http://www.rmbk.no og klikka deg inn på "Sykkel - sør" til venstre i
margen. Der finn du nesten heilt sikkert deg sjølv (om du var med då vel
og merka ;-) På denne sida finn du forresten også ein del gamle
resultatlister. Etterkvart skal me også samla løypekart og løypeprofilar
her.
Resultatlista kjem nok også på turritt.com om ei lita stund!
Har du spørsmål om andre RMBK ritt ... då tek du berre kontakt (PS! hugs å bli med på bedriftsmeisterskap i tempo i morgon. Og pass
også på å sjå etter innbydelsen til Braathens-stafetten som er om to veker)
mvh
Eirik Kårstad
RMBK sykleutval
RMBK - Påminning til BM tempo på Sviland, 16. august kl 1830
No var det nok mange som trudde dei fekk resultatlista frå Gilderunden,
men der må eg altså skuffe dykk. Eg ventar sjølv enno på at arrangøren
skal senda meg lista. Men eg håpar og trur den er rett rundt hjørnet no :-)
Derimot vil eg minna dykk alle på at det er bedriftsmeisterskap i
temposykling komande tysdag. RMBK arranger BM tempo på Sviland, kl 1830.
Startavgift kr 80 (som no er det vanlege :-)
Tempoetappen er 20 km lang. Start vd krysset på Sviland, 10 km opp
Søradalen og vendepunkt der oppe.
PÅMELDING:
Dersom du ønskjer det og kanskje har spesielle ønskjer om tidleg eller
seint startnummer, så kan du gjerne førehandspåmelda deg pr mail innan
tysdag kl 1400. Då svarer du berre på denne mailen med følgjande
informasjon:
Namn:
Bedrift:
Fødselsår:
Kommentar: (dvs. spesielle ønskjer vedr. starttidspunkt)
Så sjølv om du kanskje skal sykla Lysebotn-Bryne i helga, så er du
garantert restituert og klar til dyst på tysdag ;-)
Vel møtt til BM tempo!!
mvh Eirik Kårstad
RMBK sykleutval
eirik.karstad@uis.no
RMBK - Resultatlisten etter Bedriftsmesterskapet i terreng.
No slepp du å venta i spenning meir, for no er lista
over årets
bedriftsmeistrar klar :-)
Dessverre var det mange som punkterte i år, så arrangøren har lova å
grusa den staden der flest punkterte. Elles var det eit fint arrangement
i ei god løype. Synes eigentleg at fleire burde burde bli med på
terrengritt ... hugs at det går betre og betre når ein berre har trent
litt i terrenget :-)
Skulle det ha snike seg inn ein feil i resultatlista så melder du
sjølvsagt frå så snart du kan.
mvh Eirik
RMBK sykleutval
RMBK - Påmnning til Gilderunden, 9.august kl 1830
Hei alle saman,
(hugs at du MÅ lesa alt som står i denne mailen :-)
No er tida komen att for eit av dei aller beste sykkelritta du kan vera
med på, nemleg GILDERUNDEN. I år som før inviterer Gilde Vest BIL til
sykling og grillmat (sjå også eiga innbyding som er vedlagt). Start kl
1830, startavgift kr 80. (har du sjansen til det så ver venleg å ta med
nøyaktig beløp)
Dei ivrigaste syklistane har sjølvsagt merka av dette rittet i
kalenderen for lenge sidan, men dette er også absolutt eit ritt for deg
som ikkje trenar like ofte og som synes at Lysebotn-Bryne er aaaalt for
langt. Derfor er det ingen tvil at sjølv om du ikkje har toppformen inne
eller normalt deltek ikkje sykkelritt, så bør du få med deg Gilderunden.
Du kan sjølvsagt stilla med terrengsykkel eller hybridsykkel om du ikkje
har landevegssykkel.
Gilderunden er eit landevegsritt på 42 km. Start ved Sviland skule, via
Vatne, Hogstad, Ims, Høle, Seldal, Søradalen og tilbake til Sviland
skule. Den første 1/3-delen av rittet vert køyrt samla i eit stort felt,
noko som gjer rittet meir sosialt. Frå Hogstad og inn mot Høle er vegen
smal og til tider uoversiktleg. Det betyr at det er VELDIG viktig at
alle følgjer trafikkreglane og brukar vitet. Når det er sagt, så stiller
me med sambandsbil og politieskorte, samt følgjebil frå arrangøren, for
å gjera rittet så trygt me kan.
Når du har kome til Høle, så er det jo nesten berre ein motbakke igjen
før mål. Finn eit bakhjul å henga på, så har du også nokon du kan køyra
saman med ned Søradalen.
Når det er gjort så har du altså fullført Gilderunden på eit tid omtrent
mellom 1t 15min og 2 timar. Det betyr også at dei aller fleste er i
målområdet sjølv når dei siste kjem til mål. Det gjer at me har ei flott
ramme rundt rittet (ikkje minst pga den gode grillmaten frå Gildekarane :-)
VIKTIG INFORMASJON:
I tillegg til generell informasjon om rittet har eg også litt viktig
informasjon eg vil at alle skal lesa, forstå, og hugsa!!!
PÅMELDING: For å få påmeldinga til å gå som smurt treng me di hjelp. Som
vedlegg til denne mailen har eg lagt ved påmeldingslappar som du fyller
ut på førehand og tek med deg. Og ikkje minst så kan du skriva ut fleire
eksemplar og få med deg kone/mann, nabo, kollega og elles andre du møter
på butikken.
Dersom du har eit startnummer frå eit anna sykkelritt du har vore med
på, så kan du gjerne bruka det. Det vil også spara både deg og
arrangøren for litt tid. Ta då med startnummeret og informer arrangøren
ved på melding.
MÅLGANG. Når du kjem i mål skal du vita følgjande. Det er berre om
1.plassen at du treng spurta. Puljer som kjem samla får uansett same tid
på resultatlista, og alle får same plassering (alfabetisk på
resultatlista). Det er mykje viktigare at me faktisk får registrert at
du kjem i mål, derfor skal du ved målgang straks køyra til registrering
(me skal merkja tydleg kor du skal sykla, men hugs at det er ditt ansvar
at du får tida di registrert. Men tek ikkje ansvar for dei som spurtar
over mål og syklar 1/2 km forbi målområdet før dei kjem tilbake)
Så no ligg det meste til rette for eit flott sykkelritt. Alt me no treng
er at DU møter opp. Bryt me 200-deltakargrensa i år mon tru? ... det er
det opp til deg å avgjera :-) Du ser i alle fall meg på Sviland neste
tysdag!
**********************
Hugs også at i tillegg til turritt.com så kan du no vitja heimesida vår
på index (velg sykkel-sør i kolonnen til venstre) for informasjon.
Etterkvart skal du m.a. få alle løypeprofilar og løypekart her.
mvh
Eirik Kårstad
RMBK sykleutval
tlf 4743 4745
Her kjem resultatlista frå terrengrittet i Hålandsmarka forrige tysdag.
Dette året gjekk det visst greit utan innblanding frå kranglete
hesterytterar. Men dessverre så var det litt få deltakarar. Mesteparten
av skulda må vel eg ta som har lagt rittet til slutten av ferien, så til
neste år flyttar me litt på rittdatoen, og så får enno fleire sjansen
til å vera med på dette kjekke rittet som Braathensgjengen arrangerer.
og for deg som ikkje har fått det med deg, så er det altså
bedriftsmeisterskap i terreng IDAG, tysdag 2. august, i Hålandsskogen
ved Ålgård (retning Bryne). Så det er berre til å stilla opp :-)
mvh Eirik
RMBK sykleutval
tlf 4743 4745
RMBK - Resultatliste BM fellesstart 2005
Då trur eg at eg har ei rett resultatliste ... eg er ørelite usikker på
nr 25 på lista. Elles er eg heller ikkje bombesikker på rekkefølgja til
alle som har fått sluttid 0:56:10. Det kan jo ha betydning for medalje. Derfor tek eg gjerne imot tips dersom du ser feil på rekkefølgja.
Eg vil senda ut liste over medaljefordeling når eg er sikker på at
resultatlista er heilt korrekt. På turritt.com kjem alle med same tid
til å få same plassering.
Ta kontakt dersom du har kommentarar
mvh Eirik
RMBK sykleutval
RMBK - Resultatliste frå Oltedalssendaren
innrømmer at den kom litt seint ja ....
mvh Eirik
RMBK sykleutval
RMBK - Bedriftsmeisterskap i landevegssykling, tysdag 28. juni kl 1830
Eg beklagar at denne påminninga ikkje har kome før. Men eg har hatt litt
(arbeids)ferie heime og har ikkje hatt e-postlista tilgjengeleg.
Men eg håpar at dei fleste har kikka på terminlista og er klar over at
Bedriftsmeisterskapet i landevegssykling er i morgon. start ved Håland
skule kl 1830, og påmelding frå omlag 1745. (sjå kart). startavgift kr 80.-
Ved bedriftsmeisterskap plar me jo ikkje trekkja premiar på startnummer,
men det er medaljar i kva klasse. Dvs. at det må vera konkurranse om
alle medaljar som skal delast ut. Dersom det berre er 1 person i ein
klasse er det ingen medalje, evt. kan 2 eller fleire klassar slåast saman.
Herrer skal sykla masterrunde + 3 rundar
Damer skal sykla masterrunde + 2 rundar
Eg håpar sjølvsagt at du kan vera med å laga deltakarrekord på RMBK
bedriftsmeisterskap 2005 :-)
mvh Eirik
RMBK sykleutval
tlf 4743 4745
RMBK - Påminning til terrengritt til Oltedalssenderen
21. juni kl 1830
er det terrengritt til Oltedalssenderen.
Markedsføringshuset og Block Berge arrangerer i år som før.
Startavgift kr 80.
Dette er eit ritt som er teknisk svært enkelt. Dei første 7 kilometrane
går på asfalt, og dei 4 siste km går på traktorveg. Utfordringa er at
traktorvegen er bratt :-)
Så møt opp og mål styrken i beina mot dei andre ;-)
mvh Eirik
RMBK sykleutval
RMBK - Info om Gilderunden.
RMBK - Resultater etter Seldalsbakken opp.
RMBK - Påminning/førehandspåmelding til Seldalsbakken opp, tysdag 7. juni
Komande tysdag skal nok ein gong AkerKværner arrangera ritt, men denne
gongen på landevegen. Og det er det korte (ca 2,8 km), men harde
bakketemporittet, Seldalsbakken, som står for tur.
Start ved spinneriet (Oltedal) kl 1830, og startavgift kr 80 (sjå
vedlagt løypekart).
Ettersom dette er eit ritt som pågår i +/- 10 min, og det er berre
oppoverbakke så er det absolutt eit ritt alle kan vera med på ... til og
med utan racersykkel (men, det er ein ulempe med dempegaffel dersom du
ikkje kan låsa den).
FØREHANDSPÅMELDING:
Ettersom det er litt meir arbeid med startlistene på eit temporitt enn
det det er på ein fellesstart, så tek me imot førehandspåmelding. Du har
høve til å koma med ønskje om tidleg/seint startnummer dersom du slit
med timeplanen :-)
Så dersom du veit at du vil vera med på tysdag, så send meg ein mail med
info (sjå nedanfor) innan måndag 6. juni kl 1200.
Påmeldingsinfo:
* NAMN
* ALDER
* BEDRIFT (evt. sykkelklubb dersom du er under 30 år og aktiv syklist)
* Evt. ønskje om tidleg/seint startnummer
mvh
RMBK sykleutval
********************************************************
Sykkelrittet Odda - Bø
Etter Nordsjørittet og Midtsommarrittet så minkar det på sykkelritt før
ferien. Men for dei som likar lange turritt så bør kanskje turen Odda-Bø
vurderast. Aalgaard Sykkel & Spaserlaug tenkjer på å laga ein fellestur
til dette rittet, så ta turen innom nettsidene deira og få litt
informasjon kva du kan gjera første helga i juli.
http://www.lauget.com/Aktiviteter/Haukeli05.htm
RMBK - Resultatliste Sørmarka
Folkens,
Det enkle er ofte det beste .. så her er resultatlista frå Sørmarka :-)
Men me må sjølvsagt takka AkerKværner for eit godt arrangement (sjølv om
nokre av dei "nye" sleit litt med merkinga).
Og var du ikkje så helgdig at du var med så ta ein kikk på dei flotte
bileta frå K.Alsvik!
http://www.alsvik.no/kundepreview/sykkel/sormarka/index.htm
mvh
Eirik Kårstad
RMBK sykleutval
RMBK - Påminning til terrengritt i Sørmarka, tysdag 31. mai kl 1830
Det vart ikkje lange fristen dette. For om berre 5 dagar så arrangerer
AkerKværner terrengsykkelritt i Sørmarka (parkering ved Oljedirektoratet
og Rogalandsforskning). Starten går kl 1830, og som sagt før så er
startavgifta no kr 80.-
Løypa er kjekk, men også krevjande. Likevel er eg ikkje redd for å
oppfordra alle til å ta turen og bli med. Ta ein runde mindre dersom du
føler for det, og så har du i alle fall fått topp trening til å gjera
det endå betre i neste ritt :-)
For me ønskjer at nettopp DU skal vera med og gjera dette til eit kjekt
arrangement!
snakkast på tysdag då!!
mvh Eirik
RMBK sykleutval
*********************************************
INVITASJON TIL RANDABERG TRIMTRIATLON
Eg har fått spørsmål om ikkje eg kan informera dykk om Randaberg
trimtriatlon no komande laurdag (28. mai). Og det gjer eg sjølvsagt med
glede. Det er jo ikkje alle syklistar som har høve til å reisa på
turrittet Haugesund-Sauda.
Så dersom du vil ha ei utfrodring i helga så anbefaler eg trimtriatlon!
Arrangementet startar kl 1500 (kl 1400 for barn), og vil føregå i
Randaberghallen og området rundt den.
Eg likar ikkje å senda ut andre vedlegg enn våre eigne, så oppfordrar eg
deg til å vitja nettsida til Stavanger Triatlonklubb for meir
informasjon. Der finn du ut alt om arrangementet, løypekart og annan
informasjon.
http://www.stavanger-triathlonklubb.net/trimtri/
mvh Eirik
RMBK - Resultatliste Orstadrittet
Det hendte i dei dagar .... at Statoil skulle arrangera sykkelritt på
Orstad. 30 ivrige syklistar møtte opp og gjorde så godt dei kunne. Dei
fleste visste kva tid dei fekk, og kven som var før og etter på
resultatlista. Likevel venta alle i spenning for å studera resultatlista
i detalj.
Men i Statoils datasystem låg det farer og lurte. Adresseboka til
Ingemar vart sletta og resultatlista kom aldri fram der den skulle.
På den sjuande dagen tenkte eg at no må noko gjerast, så eg kontakta
Rolf for å finna ut kor det vart av resultatlista. Då sa Rolf ...
sanneleg sanneleg seier eg deg, eg trudde du hadde fått resultatlista
for lenge sidan. Og så, som ved eit mirakel, fekk eg resultatlista på
e-post berre nokre sekund etterpå.
Og slik enda det at den bortkomne resultatlista vart motteken stor glede
og fest, og eg kunne vidaresenda den til alle dei sinte syklistane. Og
med berre eit lite pdf-dokument metta eg infromasjonshungeren til
(nesten) 5000 syklistar. Syklistane vart så glade at dei alle saman sa
dei skulle koma på bedriftssykelritt så snart dei fekk sjansen.
Slik trilla dei inn i solnedgangen og sykla lukkeleg alle sine dagar ...
snipp snapp snute
så var resultatlista ute.
mvh Eirik
RMBK - Påminning til terrengritt på Orstad, 10. mai kl 1830
No skal eg akkurat til å ta langhelg, så då var det flaks at eg kom på å
få sendt ut påminninga til terrengrittet på Orstad neste tysdag. Det er
Statoil BIL som står for arrangementet der som vanleg. Startavgift er no
kr 80,-
Dette er ei nokså greit løype som skulle passe dei fleste. Uansett så er
det ei kort løype, så du har mange val dersom du ikkje ønskjer å sykla
like langt som dei første.
Eg har også lagt ved eit omtrentleg løypekart.
Då håpar eg at eg ser mange på ritt neste tysdag :-)
mvh Eirik
RMBK sykleutval
RMBK - Resultatliste Randabergskogen rundt
akkurat i tide før det er helg :-)
Takk til Halliburton/RSK for eit flott arrangement, og ikkje minst ei
tørrare og betre løype enn nokon gong i randabergskogen.
mvh Eirik
RMBK - Påminning til terrengrittet Randabergskogen rundt
No var det like før eg gløymde det ...
men eg må jo minna dykk på terrengrittet i Randabergskogen neste tysdag
kl 1830. Startavgift kr 80.
(MEN hugs at dersom du har kr 20 til gode frå Gjesdalrunden så skal du
ha det att frå meg, Eirik, og ikkje frå andre arrangørar ... men eg kjem
jo truleg til rittet så det skal nok gå bra).
Så sjølv om landevegssesongen er i gong så håpar eg mange møter opp på
terrengritt .. det er jo tross alt kjekkast med litt variasjon.
mvh Eirik
RMBK sykleutval
RMBK - Resultatliste Gjesdalrunden
Jippi ...
Endeleg vart eg ferdig med resultatlista ... og eg tør påstå at den er
heilt korrekt også!!! Eg bryr meg ikkje så mykje om du meiner du har
fått 10 sek for dårleg tid berre du er rett plassert, men du har
sjølvsagt lov til å klaga om eg har plassert deg heilt feil på lista
(hugs at eg har videobevis på dei fleste ... så du bør ikkje prøva å
juksa ;-)
Eg vil i alle fall takka alle saman for at det vart ei flott ritt til
tross for litt kald vind. Heile 72 stk på startstreken (inkl aktive) er
jo kjempebra. Det gjer det faktisk til RMBK sitt nest største ritt (bak
Gilderunden).
Litt synd var det jo at me sakna ein heile del frå Sykkel og
spaserlauget ... dei burde absolutt lagt inn Gjesdalrunden som ein del
av treninga .... synes no eg då :-)
Eg synes vel også at me klarte oss bra med tanke på sikkerheit, det var
i alle fall lurt å ha ein bil framfor gjennom heile rittet. Men der vil
eg gjerne ha tilbakemelding frå dykk om de har nokre gode innspel :-)
I tillegg til sjølve resultatet så kan eg anbefale deg om å kikka på
Bryne CK sin nettsider. Der finn du nemleg mange fine bilete ...
www.brynecykleklubb.com <http://www.brynecykleklubb.com/>
Og ikkje nok med det. det er også ein god sjanse for at du vart filma då
du kom i mål, i alle fall om du kom i eit av felta. Derfor må du ta
turen innom nettsida http://www.ux.his.no/~tveitc/Gjesdalrunden2005/
<http://www.ux.his.no/%7Etveitc/Gjesdalrunden2005/> og sjå på filmane
som ligg der (hugs at i adressa så må G'en i Gjesdalrunden2005 vera med
stor bokstav .. pga unix system). Det var Cato Tveit som var
filmansvarleg :-)
Er det då noko eg har gløymt? Eller er det ellers noko du lurer på eller
har tilbakemeldingar om, då tek du kontakt med meg på mail eller tlf.
Mvh
Eirik Kårstad
RMBK sykleutval
eirik.karstad@uis.no
tlf. 4743 4745
RMBK - Gjesdalrunden (foreløpig resultatliste)
Folkens,
Sjølv om eg har video av dykk fleste så har eg litt vanskar med å
plassera alle på resultatlista.
Sidan eg ikkje kjem til å gjera meir med resultatlista idag, så vil eg
gjerne at de hjelper meg litt. Sjekk ut lista og sjå om du kjenner igjen
nokre av dei som ikkje har fått tid. Eg trur dei fleste som har fått tid
har fått korrekt tid, men sjekk det gjerne mot di eiga klokke.
Så med litt hjelp frå dykk så håper eg me har ei komplett resultatliste
klar i løpet av morgondagen!
mvh Eirik
RMBK sykleutval
tlf 4743 4745
RMBK - Påminning til landevegsrittet Gjedalrunden, tysdag 12. april kl 1830
Folkens,
No er landevegssesongen i gong. Me skulle jo gjera ha vore aller først
ute, men nokre har vel allereie vore med på Brannmila. Men den første
fellesstarten på landeveg for sesongen finn altså stad ved Gjesdalkyrkja
(sjå vedlagt løypekart).
Det er altså Universitetet i Stavanger som er arrangør for
Gjesdalrunden, tysdag 12. april kl 1830.
*PS! Startkontingenten har no stige til kr 80 *(eg var dessverre litt
kjapp då eg sendte ut terminlista, for der står det framleis kr 70).
Dette rittet går i ei ganske rask løype, men har også ein krevjane bakke
omlag midtvegs på runden .. i alle fall om du skal hengja med dei beste
(det er derfor eg arrangerer rittet :-)
Likevel er dette absolutt eit ritt for alle typar syklistar ... anten to
har topp utstyr og trenar mykje, eller om du syklar terrengsykkel og
syklar for det meste til og frå jobb ... + alle innimellom der så klart :-)
Rittet vert nemleg halde på følgjande måte: Me syklar først ein runde
samla (master), deretter vert det sykla 2 rundar "full spiker". Dvs.
damer syklar 2 rundar (så sant dei ikkje har spesielt lyst til å
fullføra 3 rundar).
I tillegg så er det sjølvsagt fullt mogeleg for deg som føler for det å
ta berre ein runde. Det viktigaste er at du er med og gjer ein innsats
du sjølv er nøgd med!!!
Derfor håpar eg på godt oppmøte på tysdag!
Mvh
Eirik Kårstad
RMBK sykleutval / UiS BIL
Resultater etter RMBK Vårturen
endeleg seier du vel no ....
eg har hatt det veldig travelt tidleg i veka, men når eg berre fekk sett
meg ned og starta med å skriva ned resultatlista så gjekk det jo ganske
fort. Så her kjem endeleg resultatlista frå Vårturen 2005. om vanleg er
det mange gode resultat, og det er også kjekt å sjå at det var ein del
"nye" syklistar med ... sjølv om eg hadde håp om endå litt fleire på
startstreken. MEN, det ordnar me vel saman til hausten, ikkje sant? :-)
mvh Eirik
RMBK sykleutval
RMBK Vårturen 2005
Som sagt då terminlista vart sendt ut så er det tid for vårturen 2005!!!
Laurdag 2. april, kl 1300 går starten nok ein gong for vårturen (sjå
vedlagt innbyding). Som sagt før så har me i RMBK trua på at det nok ein
gong skal verta eit flott arrangement. Så dersom eg gjer det eg kan for
å få til godt vêr, så reknar eg med at du tek med deg ven og kollega
eller to, slik at me saman lagar ein liten sykkelvårfest :-)
Det vesle som er nytt i år er at innbetalinga til bedriftsidrettskretsen
har gått opp, og det har gjort at me i år har auka startavgifta til kr
120 på vårturen.
Då stolar eg på at du kjem på ritt, slik at me snakkast på laurdag :-)
mvh Eirik
RMBK sykleutva
RMBK - Terminliste sommarkarusellen 2005
Folkens,
No er det berre å kryssa av på kalenderen kva tid det er ritt ... her er
terminlista.
Vårturen er først ut så klart .... det kjem eiga påminning og innbyding
til den på neste tysdag.
Mvh
RMBK sykleutval